Frilansarar denne veka: Hattestein & Bendz

Frilansjournalistane Heidi Hattestein og Marit Bendz i Førde kunne vore arge konkurrentar. I staden slo dei seg saman, noko dei absolutt ikkje angrar på.

Namn: Marit Bendz (49) og Heidi Hattestein (31)

Tilhaldsstad: Førde (Marit), Førde/Høyanger (Heidi)

Driv med: Tekst og foto for ulike publikasjonar (begge). Redaktør for Gennytt (Marit). Fast frilansfotograf for Bergens Tidende (Heidi).

Frilansar sidan: 1988 (Marit). 2004 (Heidi)

Kva gjorde de før dette? Programsekretær i NRK Sogn og Fjordane (Marit). Tilsett i Firda, verdas største nynorskavis (Heidi)

Utdanning: Medialina i Volda (Marit). Journalistikkhøgskulen i Stavanger (Heidi)

Nettsider: www.skriftaogveggen.no og www.hattestein.com

Sakene de er mest nøgde med:

— Saker som rører ved folk, som i beste fall kan endre folk si oppfatning.

Korleis er det å få seld nynorskreportasjar?

— Enkelte aviser forlangar bokmål, men mange tidsskrift er kjempeglade for nynorsk

Kva var det første oppdraget på kvar dykkar kant – og korleis fekk de det?

Marit: — Eg frilansa for NRK Sogn og Fjordane (programleiar og reportasjar)

Heidi: — Eg hadde ingen fast plan om å bli frilansar, men etter at eg slutta i Firda byrja oppdraga å dette inn, mellom anna frå Fylkesmagasinet.

Hattestein og Bendz
Reportasjeturen til Aust-Sibir i fjor var av det miljøvenlege slaget og gjekk med tog heile vegen frå Flåm. Foto: Frode Nordeide

Kva jobbar de med for tida?

Marit:

— Redaktør for e-postbrevet Gennytt, enkeltoppdrag frå meir eller mindre faste kundar, etterrakst etter Sibir-turen, og den helvetes sjølvmeldinga med Næringsoppgåve 2…

Heidi:

— For tida jobbar eg mykje for BT, i tillegg til oppdrag frå meir eller mindre faste kundar. Dessutan har dei siste månadane vore veldig travle med å få ferdig ei alternativ reisebok frå Sør-Amerika, skrive på oppdrag frå Penna Forlag.

Fortel meir!

— Boka heiter Litt på sida av Machu Picchu. Den handlar om turane i nabolaget til dei store attraksjonane. Felles for alle turane er at også DU kan reise på dei. Du treng ikkje skyte jaguarar for å overleve, eller ha spesielt stor lommebok.

Det er ikkje ei rein guidebok, men målet er at du skal kunne lese den og få gode råd om å backpacke. Det kjem fleire bøker over same lest!

Korleis har det seg at de byrja å arbeida i lag?

— Marit var etablert frilansar i Førde då Heidi byrja å trakke i same bedet. Vi kunne jo vorte bitre konkurrentar, men iSitat staden slo vi oss saman. Takk og pris!

De har reist på ein del turar i lag. Er det økonomisk berekraftig å vera to på same reportasje? Eller lagar de ulike saker når de er på staden?

— Vi blir søkkrike på opplevingar. Og det er absolutt meir berekraftig å vere to enn åleine! To hovud og to kamera får med seg meir enn eitt. Dessutan tør vi meir, og vert meir uavhengig av andre. Vi har ulike kundar som vi skriv artiklar for, vi sender tekstar og foto mellom oss og bruker den andres fritt. Alt vert kreditert begge to.

Planlegg de alt på førehand og sel inn stoffet før de reiser?

— Begge delar, men mest i etterkant. Vi anar jo stort sett ikkje kva vi kjem attende med…

Korleis gjer de det med foto?

— Vi fotograferer begge to.

Har du ein filosofi når det gjeld val av saker og vinklingar, Heidi?

— Målet mitt er å kome folk nært inn på livet og fortelje historiene deira.

Og du Marit, kva er det som driv deg til å stadig finna nye saker?

— Idealisme, samfunnsengasjement og av og til pengenaud…. Har ei idékasse som kan takast fram under idétørke, avisutklipp frå lokalaviser m.m.

Gje oss nokre tips om korleis ein skal gå fram når ein er journalist i eit land der ein ikkje snakkar språket eller kjenner kodane. Brukar de tolk, kjentmann, fiksarar, el. l.?

Samla har vi ein viss språkkompetanse (engelsk, tysk, spansk, russisk). Der vi ikkje har klart oss med dette har vi nytta tolk, ofte kjentfolk. Å kjenne utlendingar i Noreg er gull verdt og opnar mange dører i land som Iran, Aserbajdsjan, Russland.

Er det lett å få innpass hos folk eller få møta autoritetspersonar? Kor viktig er eit norsk pressekort?

Har aldri vist pressekortet, så vidt vi hugsar. Vi har halde oss mykje til vanlege folk, der er det aldri problem å få innpass (lær nokre ord av språket og et maten…) Ver audmjuk! Folk set pris på at du er interessert i landet og det dei driv med.

Sitat

Kva saker vil norske media ha frå utlandet?

— Dei vi ha saker om nordmenn! Dessverre. Mange gode og viktige saker vert aldri selde fordi det ikkje er nokon norsk knagg. Fagblad kjøper gjerne saker som har relevans til spesielle yrkesgrupper. Ha alltid menneske med. Gode foto er eit must.

Og kva vil dei ikkje ha?

— Dersom vi teiknar eit anna bilete enn det som er den vedtekne sanninga i media, kan det vere vanskeleg å få respons. Dei gongane vi klarer å rokke ved fordomsfulle mellomleiarar som aldri forlet skrivebordet sitt, er vi særs nøgde med oss sjølve!

Er det lett å forsvara overfor kundane at prisen på utanriksstoff er høgare enn norske saker?

— Av og til.

Korleis tenkjer de når de set fast prisen? Kva for parameter vurderer de?

— Vi tek utgangspunkt i frilanssatsane, men er viljuge til å gå ned i pris dersom vi tykkjer vi har ei viktig historie som elles ikkje ville kome på trykk.

Vi har seld omtrent same saka for alt frå 3 000 til 23 000 kroner.

Heidi drøymer om å bli fast portrettist i eit magasin, kva oppdrag drøymer du om, Marit?

— Eg drøymer om å sitte under pergolaen i eit varmt, russisktalande land og skrive krim, hehe. (På Krimhalvøya? Red. anm.)
Skriv de undervegs eller blir all teksten til når de er vel heime?

— Vi noterer heile tida undervegs, utskrivinga skjer stort sett når vi kjem heim.

Kva gjer de for å få idear til nye saker?

— Vi les mykje, prøver å halde oss oppdaterte på dei felta som interesserer oss – og pratar med all slags folk.

Kva har gjeve dykk best reklame som frilansarar?

— Heimesidene våre, gode artiklar på trykk og nøgde redaktørar.

Korleis går de fram for å finna oppdragsgjevarar?

— Vi tek kontakt på mail og telefon, masar, elles får vi oppdrag gjennom til dømes frilanskatalogen.

Kva metode fungerer dårleg?

— Tvinne tommeltottar og vente på at noko skal dette i fanget på deg.

Kva veit de no som du skulle ønskja du visste då du starta som sjølvstendig næringsdrivande?

— Vi kastar ikkje bort tida på å tenkje på kva vi burde visst før.

Kva foretakstype har de?

— Heidi har enkeltpersonforetak. Marit har BA (samvirke) saman med arkitektmann, og er altså tilsett i eige firma. Det er bra.

BA er ein foretaksmodell som kombinerer det beste frå AS og enkeltpersonforetak, men som må ha minimum to partnerar. Ikkje noko kapitalkrav og vi kan føra rekneskapen sjølve. Vi betaler løn, arbeidsgjevaravgift og er MVA-pliktige. Einaste problemet er alle folka på kommunekassen, NAV og liknande ikkje forstår bæret. Men det kan jo og vere ein fordel…

(Frå 1. januar 2008 vart BA erstatta av selskapsforma SA – Samvirkeforetak. Red.)

Har de opplevd stofftjuveri eller kopiering?

— Vi har sendt rekning til merkelege nettstader som har rappa artiklar, av og til får vi betaling, av og til ein god latter – som då eit husmorlag i Bærum hadde teke seg for store fridomar.

De skal halda foredrag på den nordiske frilanskonferansen på Hell i sommar. Gler de dykk?

— Vi kvir oss til å snakke engelsk på det eine foredraget. Elles gler vi oss. Målet med foredraget er å få alle til å forstå at verda er full av gode reportasjar og trivelege folk.

Heimekontor eller kontorfellesskap?

— Vi sit i same kontorfellesskap.

Hender at de blir oppringt og får eit konkret oppdrag?

— Ja, det hender ofte. Vi har begge etterkvart ein fin bukett kundar, både i aviser og fagblad.

Tar de jobbar de eigentleg kunne tenkt deg å sleppa?

— Det hender, særleg slike brosjyre- og skrytebladgreier. Godt betalt, men vi angrar kvar gong.

Bør ein vera medlem i NJ og frilansjournalistene?

— JA!

Marit, du har jobba både med tv- og radio i Sogn og Fjordane. Kva medium likar du best, og korfor?

— Eg saknar framleis å lage bilete i radio, men det vart berre plateprating og telefonintervju til slutt. Skulle gjerne laga radiodokumentarar. Men eg er vorte veldig glad i å fotografere. Tykkjer det er luksus å vere to, slik at eg kan konsentrere meg anten om tekst eller foto.

Kva er den største utfordringa med å driva på eiga hand?

— Fridomen. Som frilans er du sjef, rekneskapsførar, seljar, alt! Det er ingen rom for å vere sjuk når daudlina nærmar seg. Vi driv med merkevarebygging kvar einaste dag, og er heilt avhengige av å levere varene.

Kva er det beste med å vera frilansar?

— Den same fridomen.

Er de framleis frilansar om 10 år?

— Ja, det er vi.

Og når går de skikkelig lei?

— Når vi har fått 17 mailar med «Dette var ein fin artikkel, men dessverre passar den ikkje heilt bla bla bla, så nei takk».

Eit tips på tampen, til dei som startar opp som frilansarar?

— Ta til deg oppturane, og ikkje overdimensjoner nedturane.

1 Trackback

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *