Ukas frilanser: Fotojournalist Knut Egil Wang

Den prisløna fotoreporteren Knut Egil Wang prøver å unngå kjendisar, dårlege betalarar og folk som trur han kan trylle.Knut Egil Wang

Namn: Knut Egil Wang (34)

Arbeidsfelt: Fotografi

Bakgrunn: Bachelor i fotojournalistikk, Høgskulen i Oslo. Ein av Noregs mest prisvinnande fotografar. Blant anna vinnaren av «Årets Bilde» i 2002. I 2003, 2005 og 2007 vann han 1. premien i fotokategorien «Dagligliv i Norge». Har vore med i prestisjefylte World Press Joop Swart Masterclass arrangert av World Press Photo.

Frilansar sidan: Meir eller mindre sidan 1997.

Nettsider: www.knutegilwang.com

– Kven jobbar du primært for?
– Stort sett har eg jobba for Bergens Tidende og litt for Dagbladets Magasinet og Søndag. No er det meir eigne prosjekt.

– Kva jobbar du med no for tida?
– Eg held på med ei bok om traktorar og traktorkultur på Jæren som skal vere ferdig i løpet av året. I tillegg eit par andre prosjekt som går over litt lengre tid.

– Kvifor er du frilansar?
– Fordi det er einaste måten å få gjort mine ting slik eg vil gjere mine ting.

© Knut Egil Wang
Dyr er eit tema som går att i Knut Egil Wang sine bilete. Earls Court, London, 2004.

PORTFOLIO: Sjå fleire bilete av Knut Egil Wang

– Kva er fordelane med å vere frilansar?
– Å vere fri. Å kunne stå og vente på at ei ku skal gå forbi akkurat der du vil at ei ku skal gå forbi, om det så tek to veker. Å fylle dagen med det ein vil. Å sleppe bli pålagt oppgåver av andre kvar dag. Å gå på kafé når ein vil, og vite at det er fortent sidan ein jobba 18 timar i går. Å jobbe for kven ein vil. Å jobbe med eigne ting.

– Og ulempene?
– Som frilansar har ein ingen garanti for noko. Om ein sjef ikkje liker deg, kan det vere nok til at du ikkje får jobbe. Det er umogeleg å sikre seg mot og det er umogeleg å argumentere mot, uansett kor flink ein er og kor mykje erfaring ein har.

– Du jobbar ofte med store og eigne prosjekt innimellom, korleis får du det til midt i den vanlege jobbinga?
– Akkurat no er det motsatt. Eg prøver å finne tid til «den vanlege jobbinga» innimellom prosjektjobbinga. Men det er uansett vanskeleg å seie nei til oppdrag som dukker opp. Ein frilansar skal helst seie ja. Ofte blir det til at eg jobber ekstra lange dagar. Den sikraste måten er å reise vekk for å jobbe med prosjekt.

© Knut Egil Wang
Sommaren er på hell i badebyen La Grande Motte, Frankrike. Reportasje i Aftenposten.

– Kor viktig er det for deg å kunne sette av tid til eigne prosjekt innimellom?
– Veldig viktig. Det er sjeldan at dei oppdraga ein tek på seg gjev rom for å jobbe heilt slik ein vil, og resultata kan vere meir til glede for kunden enn ein sjølv. Det blir visst kalla å vere profesjonell. Men viss det å vere profesjonell betyr at ein skal vere nøgd med ikkje å vere nøgd sjølv, er ein litt ute og kjører, meiner eg.

– Kva slags oppdrag seier du nei til?
– Ikkje så mykje. Eg har ganske få kundar og dei ber meg sjeldan gjere ting eg ikkje vil gjere. Kjendisjobbar, bryllaup, jobbar for dårlege betalarar, og dei som trur eg kan trylle, klarer eg i stor grad å luke ut. Ofte tek dei jobbane mykje meir tid enn det er verdt.

– Blir du betalt etter frilanssatsane?
– Ikkje alltid. Vakter i Bergens Tidende til døme, ligg under frilanssatsane. Slik er det i dei fleste avisene, dessverre.

– Har du mykje kontakt med andre frilansfotografar?
Ja, ein god del, både her i Bergen og rundt om i landet. Eg deler dessutan kontor med ein fotograf, ein forfattar og ein arkitekt.

PORTFOLIO: Sjå fleire av Wang sine mellomformatbilete.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *