Eg fann ut at den forrige, og eigentleg siste, bloggposten min, sa altfor lite om sjølve boka. Så her kjem litt meir om den.
Eg har forsøkt å skrive ei bok som er underhaldande og samstundes lærerik. På bloggen sin skriv Øystein Vidnes, som har laga dei utruleg flotte illustrasjonane i boka, at det er ei blanding av reportasje-, essay-, debatt- og opplysningsbok.
Og det har han rett i – eg har forsøkt å levandegjere stoffet gjennom å skrive personleg og morosamt. Som rammeforteljing har eg brukt reportasjeturane mine til India og Bangladesh, som eg har fortald om tidlegare. Eg har dessutan valt å ikkje vere forsiktig, men heller å meine noko (for eksempel kritiserer eg ein tidlegare vinnar av Nobels fredspris ganske kraftig) heilt uavhengig av om det ”passar” med å vere ”for” eller ”mot” globalisering.
Eg har fått med korte bidrag frå mange interessante namn i Noreg, blant andre utanriksministeren vår som har lagt ut bidraget sitt på regjeringen.no, sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen, komikar Knut Nærum, leiar av Natur og Ungdom, Ingeborg Gjærum, og forfattar Magnus Marsdal, som skriv at det berre er noko tull – at globalisering ikkje eksisterer.
Torsdag 15. oktober skreiv Stian Bromark under vignetten Kulturtipset i Dagbladet om boka. Tittelen var ”Globaliseringsmoro” og i ei setning heiter det: ”Med glimt i øyet og smil om munnen skriver journalist Teresa Grøtan underholdende, personlig, informativt og godt om fenomenet i boka.”
Eg håper sjølvsagt at fleire vil oppdage boka etterkvart – men eg kan allereie no seie at utsegna til den unge bergenske filmregissøren omtalt i forrige bloggpost er gjort grundig til skamme.
(Eg fortalte om episoden på sleppefesten på laurdag, og ingen lo. Hm. Eg som synest det er morosamt!)
No klør eg etter å komme i gang med neste bokprosjekt.
Førre del i serien kan du lesa her.
Illustrasjonar: Øystein Vidnes