Blogg frå Bryggen (6): Globaliseringsboka ute i verda

Vi har følgd Teresa Grøtan undervegs i arbeidet med den nye ungdomsboka si sidan seint i fjor haust. No er boka i butikken. Her er siste del i Teresa sin artikkelserie om bokprosjektet.

Ein mørk januardag, etter 12 timars arbeid på kontoret, gjekk eg ut med ei venninne. Vi trefte ein ung, bergensk filmregissør som spurte kva eg dreiv med. Eg forklarte, og han svarte: ”Bok om globalisering? For ungdom? På nynorsk? …Kor mange trur du du kjem til å selje? Sju?”

Får han rett?

globaliseringsboka

Globaliseringsboka kom ut for eit par veker sidan. Har ho ein plass i verda, for ikkje å snakke om ein plass i sola?

Det er mange som trur det er så kjekt å gi ut bøker. Det er jo det, men når boka er ute, kjennest det nesten ut som eit tomrom, eit vakuum.

Boka er beibien, ikkje sant, den har vore det viktigaste i livet, det som alltid surra og gjekk i bakhovudet, i lang, lang tid. Og så er den der, ferdig trykt, ute i verda, men samtidig er den ikkje akkurat der ute, for å seie det slik.

Men trass alt og uansett – boka finst. Den forsvinn ikkje. Det er faktisk ei god kjensle.

P.S. «Blogg frå Bryggen» er ikkje riktig lenger, for eg har flytta kontor til Verftet. Eg trivst her, sjølv om det er bikkjekaldt på kontoret i dag.

Førre episode i serien kan du lesa her.

1 kommentar

  • HP sier:

    Gratulerer med boklansering!

    Denne skal jeg kjøpe til poden når han blir litt eldre; Thomas Friedman går nok langt over hodet på han.

    Og lykke til med nytt kontor.

    – HP

1 Trackback

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *