Blogg frå Bryggen (5) Eg klarte det!

Ja, eg klarte det! Heile boka er ferdig, det kjennest merkeleg, mest godt. Eg sit her på kontoret og er litt smånervøs, sidan manuset er sendt til ein kjend professor i Oslo som skal vere konsulent på boka.

Eg har ikkje klart å skrive så mange bloggpostar undervegs, så eg tenkte eg kunne ta ei oppsummering om korleis det har vore å skrive ei sakprosabok.

Eg har aldri før produsert så mykje tekst som eg har gjort sidan jul. Då eg endeleg leverte for nokre dagar sidan, var det som om hjernen var lemster, den var blitt strekt og dreidd, tøyd og vridd. Eg håpar det er som med ei god treningsøkt: Du får såre musklar, men dei byggjer seg opp og blir større.

teresagrotan_blogg

Forfattaren i arbeid heime på kjøkkenet ei sein kveldsstund.

Eg har slitt med ei enorm mengd informasjon. Særleg to av kapitla, det eine om fattigdom og det andre om handel og finans, har vore grufulle. Kvart kapittel kunne vore ei bok i seg sjølv, og det var smertefullt å kutte ut og forenkla – men det var ein nødvendig prosess.

Eg har levd på tre stipend: Først, som eg alt har fortalt, fekk eg 44 000 frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF). Deretter fekk eg 50 000 frå Fritt Ord, og no i vår fekk eg 75 000 til frå NFF. Dei siste pengane har gjort det mogleg å berre konsentrere seg om boka. Eg har hatt ei vekes jobb ein annan stad som ga god inntekt, elles har det berre vore bok sidan september.

Samarbeidet med forlaget har vore heilt smertefri. Rett og slett. Eg har levert, fått tilbakemeldingar, og dei har vore gode.

Det viktigaste eg sit igjen med, er ein stor mengde kunnskap. Det har gitt meg eit fundament for å skrive meir om internasjonale spørsmål, strukturelle årsaker til endring i samfunn, økonomiutvikling, fattigdom og korleis teknologisering har endra verda.

Skriveprosessen har gitt meg større tru på eigne evner, trur eg. Dette fundamentet, denne kunnskapsbasen eg har tileigna meg, har gitt meg ein ny styrke. Det å produsere ei bok (til), det å klare å komme gjennom det, å filtrere store mengder informasjon og formidle det på ein forståeleg måte, har gitt meg sjølvtillit. Eg veit at eg kan skrive lett om vanskelege ting, at eg kan mykje om felt andre ikkje veit så mykje om.

Det har vore artig å fortelje andre om prosjektet, særleg om dei to store reportasjane som utgjer ein vesentleg del av boka: Den eine frå call-sentra i India og korleis dei endrar den indiske ungdomskulturen, den andre om at alt ikkje er som vi trur hos Grameen Bank i Bangladesh.

Eg har sett og skjønt korleis globaliseringa påverkar oss alle på umerkeleg – og merkeleg – vis.

Eg vil drive meir med undersøkande journalistikk. Og eg trur eg vil skrive fleire bøker.

Boka, som er skriven med ungdom som målgruppe og handlar om globalisering, kjem ut på Det Norske Samlaget 15. september. Frå før har Teresa Grøtan skrive boka IKON: Nelson Mandela for Gyldendal.

1 Trackback

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *