Blogg frå Bryggen (4): Eg tar att tida

Klokka er passert åtte, barnet er i seng. Nok ein dag fauk forbi. Korleis skal det bli? Bok?

Det er så sjukt vanskeleg å skrive ei bok om globalisering klokka ni på morgonen. Eg kan berre ikkje umiddelbart kome i gong når eg kjem på kontoret. Eg kan komme i gong, men ikkje med ein gong. Og vips må eg springe for å hente i barnehagen.

Så kva gjer eg eigentleg? Eg sjekkar sjølvsagt e-post. I mangel på sosial omgang sjekkar eg Facebook (unnskyldning, ja vel). På e-posten min kjem det inn nokre interessante nyheitsbrev eg må lese, og så er det lenker til artiklar (relevante) eg må lese. Og jøss, så har eg gløymt av heile kaffien, eg må få i meg kaffi før eg setter meg ned med denne dryge materien eg arbeider med.

Callsenter i India. På biletet til høgre ser du ein av dei tilsette eg intervjua. (Foto: Teresa Grøtan)

Nokon på kontoret lurer på noko. Noko må diskuterast. Noko må planleggast.

Ja, ja, ja. Lunsj. Etter lunsj tar eg meg kraftig saman. Og nei, eg har ikkje ikkje gjort noko. Eg har lese relevant stoff. Eg har fiksa billetter (nye, ny tur) til Bangladesh. Eg har fiksa billetter for å besøke mi gamle bestemor. Eg har sendt ein trøste e-post til ein som treng trøst. Og nei, eg har ikkje nettbanktilgong på jobb.

Så kjem eg i modus. Eg ser at kapittelet eg jobbar med, det om teknologi og litt om media, iallfall om eigarskap i media (dei fem mennene på Manhatten som stort sett eig alt du har tilgong til av informasjon), – det glir, det flyt, det er absolutt noko der, det er betre enn dei to eg alt har sendt inn, eg har trua på dette, eg blir engasjert, involvert, eg skriv, eg kjenner lysta, gleda, skapargleda. Eg skriv om då eg budde hos fru Pannu utanfor New Delhi, i bysatelitten Gurgaon, og møtte ein ung mann som jobba på eit call senter. Han fortalte villeg vekk om korleis call-sentra har forandra liva til unge menneske (det er faktisk 1,3 millionar indarar som jobbar på call-sentre!) Før var dei lydige ungdommar til dei gifta seg (ektemake blei funne i samråd med foreldra.) No er det øl, røyk, sex og rock`n`roll.

Meir om det i boka som kjem til hausten. Eg må berre få skrive ho. Eg må ta att tida. No.

Eg intervjua også desse to callsenter-eigarane i India. Dei viste seg å vera heilt ufarlege. (Foto: Teresa Grøtan)

Førre del i denne serien: Blogg frå Bryggen (3): Eg sender to kapittel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *