Blogg frå Bryggen (2): Eg får pengar

Eg sa opp jobben min i staten 1. juni 2008.

Eg var redaktør for Global Knowledge, eit engelskspråkleg magasin om internasjonale spørsmål innan forsking og høgre utdanning. Magasinet blir utgitt av Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) som er ein del av Kunnskapsdepartementet, derfor ”staten”.

Fritt Ord deler ut stipend til bøker, filmar, seminar, konferansar, kulturtiltak og til studentar som jobbar med aktuelle prosjekt innan programområdet deira.

Då eg sa opp i SIU hadde eg ein avtale om å skrive ei bok for ungdom om globalisering for Samlaget, men eg hadde ingen pengar. Eg hadde heller ingen andre avtalar om jobbar som ville gi meg inntekt. Alle sa eg var tøff, men eg følte meg mest av alt redd. Eg hugsa med gru på min førre periode som frilansar i 2001/2002. Då tente eg veldig lite pengar, og eg hadde mange telefonar til sure redaktørar som betalte nokre lusne kroner for arbeid eg hadde lagt ned vanvittig med tid og ressursar på.

Det eg hadde gjort månaden før, var å søkje på stipend frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF). Reglane deira er slik at ein må ha publisert 100 sider eigen faglitteratur (det kan vere artiklar eller bøker, men artiklane må vere meir enn fem sider) for å søkje stipend og for å bli medlem. Men i februar kom det ei eiga utlysing for faglitteratur for barn og unge der ein ikkje måtte ha publisert tidlegare. (Og om eg skjøner rett, så vil dei ha denne utlysinga kvart år framover. Det finst òg eigne debutantstipend, så har du faglitterære planar er verdt å sjekke nettsida. Dei svarer òg kjapt på e-post om du har spørsmål). Eg brukte mykje tid på å skrive ein så god søknad som mogleg, og redaktøren min i Samlaget, Ragnfrid Trohaug, kom til Bergen slik at vi saman kunne formulere nokre overbevisande setningar.

Då eg opna postkassa og såg brevet frå NFF ein dag i august, innrømmer eg at eg skalv på handa då eg opna konvolutten. Eg fekk stipend for to månaders arbeid (44 000 kroner). Eg var så lukkeleg! Eg veit det ikkje var all verda, men reint psykisk hadde dette stipendet mykje å seie. Det gav meg trua på at eg skulle kunne leve av å skrive.

Då eg kom heim frå ferie i slutten av august, låg det eit brev frå Fritt Ord og venta på meg. Der fekk eg 50 000. Til Fritt Ord-søknaden vidareutvikla eg argumenta frå NFF-søknaden. Fritt Ord har ikkje dei same formelle krava som NFF, heller ikkje eit avgrensa beløp ein kan søkje om. Det viktige i ein søknad til Fritt Ord, er at prosjektet kan koplast til eit av deira fire programområde.

Eg er glad eg la så mykje arbeid ned i søknadene. Det fekk meg sjølv til å reflektere over arbeidet eg skulle i gong med, kva eg ville, kva formålet var, korleis eg skulle organisere det (eg måtte sette opp eit tidsskjema og budsjett). Så sjølv om det var ein del arbeid, så fekk eg ikkje berre pengar igjen, men òg ein arbeidsplan (som alt er brote, sjølvsagt).

15. oktober var det ny frist frå NFF. Det er den faste, årlege fristen deira for søknader til fagbokprosjekt. Denne gongen var eg kvalifisert for regulære stipend sidan eg ga ut Mandela-biografien i haust. Eg har søkt om meir pengar for globaliseringsboka. Resultatet kjem i februar.

Forresten var eg på medlemsmøte i NFF i Bergen i går. Eg blei valt inn i lokalstyret, og skal arrangere ProSalong i Bergen (sakprosaforedrag) det neste året. Det gler eg meg til.

Førre del i serien: Blogg frå Bryggen (1): Eg skriv bok

2 Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *