Blogg frå Bryggen (1): Eg skriv bok

Denne artikkelserien skal handle om korleis ein kan skrive ei (sakprosa)bok, ha pengar å leve av undervegs, og tene på henne når ho kjem ut.

Eg vil skrive om research og reiser, om stipend og anna inntekt, om spennande litteratur eg les, om samarbeidet med forlag og redaktør – kort sagt om heile bokskrivingsprosessen. Kanskje vil det òg kome eit og anna ord om utfordringar med å sitje for seg sjølv og skrive dagen lang.

Boka det handlar om, er ei sakprosabok om globalisering retta mot ungdom. Ho skal gis ut på Samlaget neste haust.

Eg begynte for meg sjølv 1. september. Dette har eg gjort så langt.

  1. Eg har sagt opp den faste jobben min i staten.
  2. Eg har registrert meg som sjølvstendig næringsdrivande.
  3. Eg har fått plass i eit kontorfellesskap på Bryggen i Bergen (derav bloggtittelen). Dei andre som sit her er omsetjarar, ein driv eit lite forlag, ein er skjønnlitterær forfattar, ein driv med teambuilding og ein er aksjespekulant.
  4. Eg har kjøpt meg ein fin, kvit liten mac. Etter å ha beundra maskinen eit par dagar, ordna eg med ekstern skjerm, eksternt tastatur, ekstern harddisk og eksterne høgtalarar. Eg får sjeldan auge på den fine, kvite mac-en no.
  5. Eg har søkt og fått pengar! Frå Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening (NFF) og frå Fritt Ord. Dette skal eg skrive meir om seinare.
  6. Eg har søkt om enda meir pengar. Kanskje blir det grunn til å skrive meir om det seinare.
  7. Eg har reist til India og Bangladesh (forlaget betalte, eg fortel meir seinare.) Eg gjorde research til boka og kom heim med meir stoff enn eg kan bruke og ein ny idé (som eg kanskje kjem tilbake til).
  8. Eg har tatt det viktigaste valet i yrkeslivet mitt så langt, og trass ei økonomisk usikker framtid forsterka av finanskrisa, er eg lukkeleg over det valet. Kjensla av sjølv å kontrollere eigen kvardag er herleg.
  9. Eg har lova meg sjølv å halde fram å meine det som står i punkt åtte.

Faktisk gjenstår berre eitt punkt:

    10.  Å skrive boka.

Eg: Teresa Grøtan, 34 år, frå Stokmarknes i Vesterålen, budd i Bergen sidan 1994 (med unnatak av to år i Sør-Afrika). Eg skriv både nynorsk og bokmål. Bokmål er hovudmålet mitt, men eg har skrive mykje på nynorsk. Eg har mellom anna vore redaktør av Syn og Segn. I haust kom boka IKON: Nelson Mandela ut på Gyldendal. Det var mi første bok, og noko av grunnen til at eg no tør å satse på (å leve av) å berre skrive bok.

Så, for å leggje press på meg sjølv, vil eg allereie no kringkaste ein tidsplan:

  1. Før jul skal eg levere førsteutkast til hovuddelen av manus.
  2. 1. februar skal eg levere førsteutkast til heile manuset.

Så var det sagt til verda.

Neste episode trur eg må handle om reisa eg nettopp kom heim frå. Eller kanskje heller om stipendpengar. Det blir iallfall ikkje om skrivefrustrasjonar.

Les vidare: Eg får pengar

Foto: Delpax

1 Trackback

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *